top of page

Ski, Bad og Klatring !


SKI, BAD & KLATRING – Endå fleire opplevingar for familien!

Breimsbygda Skisenter og Trivselshallen på Sandane har vidareført og forbetra det populære og unike Ski & Bad-tilbodet til òg å inkludere klatring!


Gjennom samarbeidet får heile familien gratis tilgang til anten Trivselsbadet eller klatreveggen i Trivselshallen på Sandane éin valfri kveld i veka, måndag til fredag. Vel mellom klatring og bading for ei komplett familieoppleving!


I tillegg, om du kjøper familie-årskort til Trivselsbadet, kan heile familien nyte gratis kveldskøyring hos Breimsbygda Skisenter éin kveld i veka. Avtalen gjeld heile året.


Kvifor velje berre éin aktivitet når de kan få tre? Gjer familietida endå betre med Ski, Bad & Klatring!


Reglar for klatreveggen:For å bruke klatreveggen må ein anten ha brattkort, eller vere i følgje med ein person som har brattkort. Det er eit krav at den som sikrar, har brattkort.

Leige av klatreutstyr:Per dags dato er det ikkje klatreutstyr til leige i Trivselshallen. Vi anbefaler å kontakte Nordfjord Klatreklubb, som har ei eiga utstyrskasse ståande i hallen.


 

Comments


Commenting has been turned off.
bottom of page